Stor øving i Bykle-tunnelane i morgon kveld torsdag 4. juni

I morgon torsdag 4. juni frå klokka 17.00-21.00 skipar Statens vegvesen i samarbeid med naudetatane og Bykle kommune til stor øving i Bykle-tunnelane.

Ole Birger Lien

Øvinga dreier seg om ulykke inne i fjellet, og trafikken både opp og ned dalen kan bli påvirka i øvingstida. Det kan bli både ventetid og omkøyring. Statens vegvesen styrer operasjonen, altså med naudetatane i sving og Bykle kommune som handterer situasjonen som om den er reell. 

Det betyr at om ein ser køyretøy med ljossignal, mykje menneske i uniform og hektisk aktivitet, så er det altså bare ei øving.