Stadig fleire nyttar den nye aktivitetskalenderen i Bykle kommune

Bykle kommune har snart 4000 fylgjarar via nyheitsappen Friskus - og etter at kommunen også tok i bruk aktivitetskalenderen som er integrert i appen nyttar stadig fleire lag og organisasjonar løysinga.

Eivind Ilje Tveit i Bykle kommune oppmodar lag og organisasjonar om å bruke aktivitetskalenderen i Friskus. Ole Birger Lien

Bykle kommune legg sine arrangement i kalenderen - men lag og organisasjonar med alt frå basarar til loppemarknad kan også legge inn sine. Ei digital samhandling om kulturlivet, med andre ord.

Ikkje det kommersielle

Hovudkriteriet for den som skal legge noko inn i aktivitetskalenderen, er at det skal aldri leggjast inn kommersielle arrangement - det er det kommunale, og det friviljuge bygdelivet, som skal ha sin plass her.

Last ned Friskus!

Med den nye aktivitetskalenderen på plass er det altså endå fleire gode grunnar enn før til å laste ned Friskus og krysse av for å fylgje Bykle kommune! Appen er gratis å laste ned og bruke.

Her kan du laste ned Friskus for Android

Her kan du laste ned Friskus for Apple