Språkkaféen på Gjenbruksbutikken på Hovden torsdag

For første gong blir språkkaféen på Hovden skipa til i Gjenbruksbutikken - dagen er torsdag 19. mars klokka 18.

Når ein er samla på Gjenbruksbutikken så blir naturleg nok gjenbruk, berekraft og ikkje minst levering og sal av brukte varer tema. I tillegg kjem vanleg sosial kos, der både kjente og ukjente kan møte opp. Så kan ein sjølvsagt også ta med varer til levering, og slå av ein handel medan ein er der!

Treng varer

Gjenbruksbutikken på Hovden har varer som blir levert inn som “levebrød” - det er salet av desse som finansierer husleige og straum. Gjengen bak satsinga oppmodar difor alle som kan ha noko dei ikkje har bruk for meir, om å levere det til butikken. Slik kan ein vere med på å sikre at Gjenbruksbutikken, som har blitt eit populært tilbod øvst i dalen.