Språkkaféane i Bykle og Valle møtest i Sæbyggjen torsdag 5. mars
I morgon kveld klokka 18 samlar språkkaféane i Bykle og Valle seg til felles “skravling” i Sæbyggjen i Valle klokka 18. Der blir det garantert sosial samrøre og god stemning, og ikkje minst ein god matbit.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 04.03.2026 10:06
Sist endra 04.03.2026 10:06
Pixabay
Språkkaféen er meint som ein møtestad mellom bygdefolk og innflyttarar, og handlar om så mykje meir enn språk. Jovisst får dei som er der og treng det, trene seg i norsk. Vel så viktig er likevel den sosiale dimensjonen. Ein triveleg og god stad å møtast, enkelt og greitt. Ekstra positivt er det, at kaféane i grannekommunar kan samlast som i morgon.
Transport
Det er felles transport frå Hovden grendehus kl 17.00, og Bykle samfunnshus kl 17.30. Har ein spørsmål eller ynskjer å bli plukka opp ein annan stad så kan ein ta kontakt med kultur@bykle.kommune.no eller tlf 90216856.
Språkkaféen er eit ope tilbod for alle interesserte.