Språkkafé på Hovden torsdag

Torsdag 22. januar klokka 18-19 er det klart for språkkafé i biblioteket på Hovden.

Det er språkkafé i biblioteket på Hovden torsdag 22. januar. Stine Gulowsen

Språkkafé er ein møtestad mellom tilflyttarar og lokalbefolkninga. Der kan ein treffe nye vener, drive på med nye aktivitetar og dei som treng det kan få øve seg i norsk. Språkvertar er det alltid behov for, så den som vil gjere ein innsats kan kontakte leiar i Bykle frivilligsentral, Stine Gulowsen.

Treng språkvertar

– Vi treng alltid språkvertar – det vil seie norskspråklege frivillige som har lyst til å slå av ein prat med dei som ikkje kan så godt norsk enno.  Det blir servert kaffi og te, og vi byr på noko enkelt å ete, og torsdag skal me få til noko ekstra godt, lovar Gulowsen.

Det blir også alltid sett opp transport frå Bykle/Hovden for dei som treng det.  Har ein spørsmål om dette eller anna kan ein sende epost til kultur@bykle.kommune.no eller ringe 902 16 856.