Språkkafé med joleavslutning i kveld
Språkkaféen har joleavslutning i Hovden grendehus i kveld torsdag 4. desember klokka 18.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 04.12.2025 08:46
Sist endra 04.12.2025 08:46

Det vankar både graut, gløgg og kos på alle som møter opp! Språkkaféen er meint som ein møtestad mellom bygdefolk og innflyttarar, og handlar om så mykje meir enn språk. Jovisst får dei som er der og treng det, trene seg i norsk.
Møtestad
Vel så viktig er likevel den sosiale dimensjonen. Ein triveleg og god stad å møtast, enkelt og greitt - alt i regi av Bykle frivilligsentral, og med engasjerte deltakarar som byr på seg sjølv!
Obs - obs:
Oppstart på språkkafé i 2026 er 8. januar i biblioteket i Bykle.