Språkkafé i biblioteket i Bykle i kveld

Det er klart for ein ny runde med språkkafé i Bykle kommune, denne gonga i biblioteket i Bykle i kveld klokka 18.


 

Språkkaféen er meint som ein møtestad mellom bygdefolk og innflyttarar, og handlar om så mykje meir enn språk. Jovisst får dei som er der og treng det, trene seg i norsk. Vel så viktig er likevel den sosiale dimensjonen. Ein triveleg og god stad å møtast, enkelt og greitt - alt i regi av Bykle frivilligsentral, og med engasjerte deltakarar som byr på seg sjølv!