Språkkafé i biblioteket i Bykle 16. april
Det er klart for ein ny runde med språkkafé i Bykle kommune, denne gonga i biblioteket i Bykle torsdag 16. april.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 09.04.2026 13:37
Sist endra 09.04.2026 13:37
Ole Birger Lien
Språkkaféen er meint som ein møtestad mellom bygdefolk og innflyttarar, og handlar om så mykje meir enn språk. Jovisst får dei som er der og treng det, trene seg i norsk. Vel så viktig er likevel den sosiale dimensjonen. Ein triveleg og god stad å møtast, enkelt og greitt - alt i regi av Bykle frivilligsentral, og med engasjerte deltakarar som byr på seg sjølv!
Vil du bli språkvert?
Språkkaféen er stadig ute etter nye språkvertar. Kan du tenke deg å gjere ein innsats? Då bør du sende ein e-post med nokre ord:
stine.rambekk.gulowsen@bykle.kommune.no