Solid respons på Bykle kommune sin aktivitetskalender!

Kort tid etter at Bykle kommune tok i bruk aktivitetskalender som del av appen Friskus kan ein slå fast at løysinga ser ut til å bli populær! Appen er no klar til bruk for lag og foreiningar i kommunen.

Nesten 4000 menneske fylgjer Bykle kommune via nyheitsappen Friskus - og fleire skal det bli! Alle brukarar som har kryssa av for Bykle kommune, og alle nye brukarar av appen som gjer det same, får tilgang til aktivitetskalenderen. 

– Responsen har vore god frå dag ein. Kalenderen er veldig lett å bruke, og det at lag og foreiningar sjølv kan legge inn meldingane sine gjer dette også til ei svært god praktisk løysing, seier Eivind Ilje Tveit i Bykle kommune.

Ikkje det kommersielle

Han minner om hovudkriteriet for å kunne legge inn eit arrangement i kalenderen: det skal ikkje vere kommersielt. 

– Det er det kommunale, og det friviljuge bygdelivet, som skal ha sin plass her. Me håpar at alle respekterer det skiljet, seier Ilje Tveit. 

Organisasjonar som vil registrere seg som arrangørar i aktivitetskalenderen, og dei som vil sjå den frå nettlesar, kan slå opp bykle.friskus.com.

Last ned Friskus!

Med den nye aktivitetskalenderen på plass er det altså endå fleire gode grunnar enn før til å laste ned Friskus og krysse av for å fylgje Bykle kommune! Appen er gratis å laste ned og bruke.

FRISKUS FOR ANDROID

FRISKUS FOR APPLE