Snart fylgjer 4000 menneske Bykle kommune via appen Friskus!
Snart har 4000 menneske lasta ned og nyttar appen Friskus for å få med seg nyheitsmeldingar frå Bykle kommune. Appen er gratis å laste ned og bruke.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 24.11.2025 10:55
Sist endra 24.11.2025 10:55

Med Friskus får ein alle nyheiter som blir lagt ut på heimesida til Bykle kommune som eit PLING inn på mobiltelefonen. Sjølve saka på heimesida er då bare eitt tastetrykk unna. Aktuelle politiske saker ligg også i appen. Når ein lastar Friskus ned må ein bare hugse på å også krysse av for at det er Bykle kommune ein vil fylgje! Ein kan fylgje inntil 10 kommunar i appen.
FRISKUS FOR ANDROID
FRISKUS FOR APPLE