Skipar til Luciafest på Hovden fredag 12. desember
Fredag 12. desember skipar Fjellgardane barnehage og skule til Luciafest i Hovden grendehus.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 11.12.2025 08:44
Sist endra 11.12.2025 08:44

Det blir fakkeltog frå sentrum klokka 17, og festen i grendehuset tar til 17.30. Folk bør ta med noko å bite i, så blir det servert kaffi, te og brus. Arrangementet er ope for alle som vil vere med på festen!