Setesdalsmuseet er ute etter sommarguidar!
Setesdalsmuseet lyser no ut stillingar som sommarguidar til museumsanlegga i Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes. Søknadsfrist er sett til 1. mars.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.02.2026 10:55
Sist endra 05.02.2026 10:55
Ole Christian Carlsen som sommarguide i Setesdalsmuseet. No lyser museet etter guidar til årets sommar.
Hind Helene Harira
Har du lyst til å vere med på å vise fram setesdalskulturen i sommar? Setesdalsmuseet søker no vertar og guidar til museet på Rysstad og til fleire av museuma og tuna i dalen. Om ein trivest med å vere gjestfri og imøtekomande ovanfor gjestar, og er interessert i kulturhistorien i Setesdal, har ein sjansen til å få ein spennande, lærerik og variert sommarjobb.
Opplæringsdag 22. juni
Setesdalsmuseet treng vertar til Bykle kyrkje og Lislestog, Tveitetunet, museet på Rysstad, Bygland museum, Evjemoen forsvarsmuseum, Fennefoss geomuseum, Evje Mineralsti og Iveland og Vegusdal Bygdemuseum. I søknaden må ein skrive kor, når og kor mykje ein kan jobbe. Søkjarar som kan arbeide på fleire stader og store delar av sommarsesongen, blir prioriterte. 22. juni er felles opplæringsdag for alle omvisarar.
Her kan ein lese meir og søke sommarjobb