Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS har starta opp miljøtaxi!
Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS (SMG) har starta opp såkalla miljøtaxi, og kan hente avfall og gjenbruksgjenstandar heime hjå deg!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 12.03.2026 12:47
Sist endra 12.03.2026 12:47
Kurt Høiland
Miljøtaxien tar på seg å hente alt frå møblar til madrasser, kvitevarer, syklar, klede, gjenbruksartiklar, papp, elektrisk avfall og mykje meir. Det som kan pakkast må pakkast i gjennomsiktelege sekkar - farleg avfall må merkast. Også spesialoppdrag som dødsbu og store enkeltoppdrag kan avtalast. Prisen for ei henting er 500 kr. Pensjonistar må betale 300 kr. Ei henting er på inntil to kubikk, maks 80 kg. Avfallet må settast lett tilgjengeleg utomhus, og det må vere råd for to personar å bere det som skal hentast.
Henting i heile dalen
I Iveland går miljøtaxien ut første måndag i månaden, Evje og Hornnes første og tredje onsdag i månaden, Bygland andre onsdag i månaden, Valle siste tysdag i månaden og Bykle tredje tysdag i månaden. Bestilling går via tlf 90194724 eller epost post@smg-iks.no