Sang & Poesi på kulturkafé i Bykle

Onsdag 28. januar kjem operasongar og diktar Line Jørgensen til kulturkaféen i Bykle samfunnshus klokka 18.

Line Jørgensen kjem til kulturkaféen i Bykle onsdag 28. januar. Privat

Dit kjem ho med framsyninga “Sang & Poesi - den edle kunsten å eksistere”. Jørgensen, som altså spelar på så mange slag strenger, byr nok på eit program med noko av interesse for dei fleste. I kaféen står også Chananya Haugen klar og sel thaimat.

Klassisk utdanna

Line Jørgensen er fødd og oppvaksen på Karmøy. Ho tok til musikkutdannelsen sin ved Griegakademiet og fullførte seinare mastergrad ved musikkonservatoriet i Kristiansand. Ho har mastergrad i musikk og i tverrfagleg kunst. Jørgensen har også studert italiensk belcanto-teknikk med Elizabeth Norberg-Schulz.