Samling med Skattefunn, Innovasjon Norge og Pågang næringshage 15.- og 16. januar
15.- og 16. januar skipar Bykle kommune til to samlingar med Skattefunn, Innovasjon Norge og Pågang næringshage. Den første dagen er det reiselivsnæringa som er målgruppe, den andre er det bygg og anlegg. Opplegget er for verksemder og gründarar i heile dalen. Torsdag 15. januar tar til på Hovdestøylen med lunch klokka 11.30, dagen etter er det oppstart på Bykle hotell klokka 9.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 18.12.2025 14:01
Sist endra 18.12.2025 14:01

Det er gratis for alle å delta på samlingane, der ein kan lære meir om ulike støtteordninga for nyskapande prosjekt i næringslivet.
– Det kjem folk frå Forskningsrådet, Innovasjon Norge og Pågang næringshage. Dei er med begge dagane, seier næringsrådgjevar i Bykle kommune, Markus Lund.
Fullt program
I løpet av samlingane blir det tett i tett med fagleg påfyll frå klokka 12 og utetter ettermiddagen.
– Dette skal vere eit lågterskeltilbod, alle med behov må bare kome. Så er det eit viktig poeng at deltakarar kan få samtalar med fagfolk ein til ein, slik at ein kan diskutere og få råd om akkurat sitt prosjekt eller sin ide, seier Lund.
Påmeldingsfrist er fredag 9. januar.
HER KAN DU MELDE DEG PÅ