Riksveg 9 like sør for Hornnes blir stengt i to veker
På grunn av grave- og sprengningsarbeid blir riksveg 9 på kommunegrensa mellom Evje og Hornnes og Vennesla ved Hornskilen stengt i to veker frå måndag 9. mars. I dei to vekene blir det omkøyring via FV 405 og 403.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 27.02.2026 12:00
Sist endra 27.02.2026 12:00
Statens vegvesen
Det er i samband med arbeid med å utbetre og fjerne farlege svingar, eit prosjekt som tok til i fjor haust, at vegen no blir stengt. Statens vegvesen planlegg arbeid døgeret rundt dei to aktuelle vekene.
Ljosregulering
Når riksveg 9 opnar att kan det i periodar bli aktuelt med ljosregulering eller trafikkdirigering forbi anleggsområdet. Arbeidet med den to kilometer lange strekninga skal etter planen vere fullført til sommaren.