Regionrådet i møte med energiminister Terje Aasland

Nyleg var ein delegasjon frå Setesdal regionråd på ny tur til Oslo. Det skulle kome til å handle om alt frå riksveg 9 som nasjonal turistveg til ferdsle i utmark, kraft og rammevilkår.Turen vart toppa med eit møte med energiminister Terje Aasland.

Setesdal regionråd hadde eit møte med energiminster Terje Aasland - der det meste av aktuelle saker i Setesdal knytta til hans fagområde vart drøfta. Setesdal regionråd

Første delen av turen trefte regionrådet stortingsrepresentantar frå både Ap, Sp og KrF. Ein gjekk gjennom framdrifta for arbeidet med å få riksveg 9 klassifisert som nasjonal turistveg, og ein drøfta villrein og ferdsle i utmark. Også kraft og rammevilkår, og ikkje minst behovet for føreseielege ordningar knytta til mellom anna konsesjonskraft og grunnrente/skatt, kom på bordet. I møte med ulike partigrupper handla det også om å bli kjent, og å lyfte Setesdals-perspektivet inn i nasjonal politikk. Så vart det altså også eit møte med energiminster Terje Aasland - der det meste av aktuelle saker i Setesdal knytta til hans fagområde vart drøfta.

Agdertinget

Etter eit seminar med LVK - der det handla mykje om konjsesjonskraft, ordningar, praksis og konsekvensar for vertskommunar, kom turen til Agdertinget. Der var tema mellom anna behovet for å sikre HV07-midlar for å underbyggje dei siste 10 årsverka det er vedteke at ein skal ha, og både Evjemoen og Geiskelid vart drøfta.