Pussar opp NM-løypene for 500.000 kr.

Bykle kommune skal ruste opp langrennsløypene på Hovden for 500.000 kr. før det første av tre NM i langrenn del 2 brakar laus vinteren 2027.

NM del 2 på Hovden vinteren 2025 vart ein folkefest. No ventar tre NM på rad øvst i dalen, og kommunestyret i Bykle har vedteke at ein skal ruste opp løyper og anna for 500.000 kr. Martine Vik

Hovden Sportsklubb og Bykle IL skal arrangere NM i langrenn på Hovden dei neste tre åra (2027–2029). Hovden hadde NM sist vinteren 2025 med utøvarar som som Johannes Høsflot Klæbo, Heidi Weng og Martin Løwstrøm Nyenget på startstreken. I kommunestyret sist veke vart det vedteke at kommunen set av 500.000 kroner frå næringsfondet til å oppgradere stadion og løypeanlegget. Fram mot neste meisterskap har arrangørlaga ein hovudkomité på åtte personar, i tillegg er det 15–20 gruppeleiarar. Under NM er det 100–150 personar involvert.

Rette ut svingar og forlenge sprintløypa

Spesielt løypene skal få seg ei oppgradering. Ein skal mellom anna fjerne tre som står nær løypa, rette ut svingar og fikse på terrenget like ved løypene. I tillegg skal sprintløypa forlengast noko for å sikre at ein får FIS-godkjenning. På toppen av dette skal straumforsyning til TV-buss forsterkast, det skal drenerast inne på stadionområdet, og stadion skal grusast med ein ny type grus, for å unngå å få stein i snøen når den blir frakta ut i løypene.