Plukka over eit halvt tonn søppel på ryddedagen i Bykle!
Med over 80 registrerte plukkarar på lista vart Bykle sin medverknad til “Heile Noreg rydder” laurdag ein stor suksess!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 11.05.2026 12:04
Sist endra 11.05.2026 12:09
Frå venstre Tomasz Matysik, Johan Wintermark og Isak T. Egeland.
Stine Gulowsen
Bakgrunnen for at Bykle kommune og frivillige aktørar deltok i den nasjonale ryddedugnaden var at Naturvernforbundet lokalt tok kontakt med Bykle-ordførar Hans Blattmann, og så byrja snøballen å rulle. Det resulterte altså laurdag i over eit halvt tonn mindre søppel liggande rundt om.
– Me fekk sers mange positive tilbakemeldingar på denne aksjonen, så dette gjev motivasjon til nye rydderundar, slår ordføraren fast.
Suppe og gåvekort
Laurdag var altså kommune, Naturvernforbundet og Setesdal miljø og gjenvinning (SMG) i sving - og altså med meir enn 80 plukkarar rundt om langs vegane. Alt i alt vart det plukka 587 kg søppel! Klokka 14 vart dagen avslutta med suppe laga og sponsa av SMG og Setpro, det vanka is på alle, og 15 heldige vinnarar fekk med seg gåvekort heim.
Du kan framleis rydde!
Så høyrer det med til historien at dei som ikkje har “plukka frå seg” framleis kan hente seg utstyr på Hovden grendehus og ta i eit tak ekstra!
Etter solid innsats vanka det suppe og anna godt på alle.
Stine Gulowsen