Påskjøning for 25 års trufast teneste i Bykle kommune

Under eit arrangement tidlegare denne veka vart fire trugne tilsette i Bykle kommune heidra for 25 års teneste.

Gunhild Vigdis Korstvedt (t.v.) og Pavlina Kirilova Sikjova under festen for 25-årsjubilantar i Bykle kommune tidlegare denne veka. - Klikk for stort bileteGunhild Vigdis Korstvedt (t.v.) og Pavlina Kirilova Sikjova under festen for 25-årsjubilantar i Bykle kommune tidlegare denne veka. Helene Nilsen

Dei fire får kvart sitt gåvekort pålydande 8000 kr. som påskjøning. Gunhild Vigdis Korstvedt, barne- og ungdomsarbeidar på Fjellgardane skule/SFO og Pavlina Kirilova Sikjova, kulturskulelærar i kultur og fritid, deltok på arrangementet. Også Liv Hoslemo, konsulent PLO/helse og Bjørg Sissel Tveiten, miljøterapeut i habilitering, er jubilantar, men dei var ikkje til stades under utdelinga.