Ordførar og varaordførar i Bykle skal vitje alle verksemder i kommunen

I tida fram mot jol blir det "eit renn" frå Bykle-ordførar Hans Blattmann og varaordførar Merethe Hjemdahl i lokale verksemder i kommunen.


 

Ordførar Hans Blattmann og varaordførar Merethe Hjemdahl held på med å vitje det lokale næringslivet. Ole Birger Lien

Dei skal nemleg vitje kvar einaste verksemd innanfor kommunegrensene, og det heile tok til temmeleg umiddelbart etter valet med besøk mellom andre hjå Bygdeservice AS og Bykle maskin AS.

- Eit prioritert satsingsområde. Det lokale næringslivet vil vere viktig uansett kven som leier kommunen, og eg ser fram til å gjere meg endå meir kjent med dei ulike verksemdene me har rundt oss, seier ordførar Hans Blattmann.

Besøksrundane kjem til å halde fram heilt til alle verksemdene har fått den politiske leiinga innom. Også kommunedirektør Karina Sloth og næringssjef Ina Kjøstvedt kjem til å delta på ein del av treffa.