Oppmodar fleire om å bli lærarar i barnehagar og skular
Går du med ein lærar i magen? Eit prosjekt som arbeider med rekruttering til skular og barnehagar kjem no ut med ein kampanje for å oppmode fleire om å ta lærarutdanning. Søknadsfristen på høgare utdanning er 15. april!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 11.04.2025 13:13
Sist endra 11.04.2025 13:13

Kampanjen rettar seg først og fremst mot dei som er mellombels inne som tilsette i skular og barnehagar mellom vidaregåande skule og studiar. Bak prosjektet står KS, Utdanningsforbundet og Universitetet i Agder. Bodskapen er å anerkjenne dei som tar korte eller lengre periodar som lærarar - og å gje dei eit “dult” i retning å vurdere utdanning som lærar i barnehage eller skule - no før fristen for å søke høgare utdanning, som er 15. april.
HER ER LENKA TIL PROSJEKTET