Ope møte om områderegulering Hegni måndag 10. juni
Områdereguleringsplan for Hegni på Hovden er lagt ut til offentleg høyring. Måndag 10. juni blir det ope folkemøte med fagleg foredrag og framleggjing av planforslaget. Staden er Hovdestøylen hotell klokka 18.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 04.06.2024 13:31
Sist endra 04.06.2024 13:31
Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for destinasjonsutvikling, frilufts- natur og kulturinteresse, nærings- og anna verksemd, teknisk infrastruktur og samferdsle i området. På folkemøtet kan alle med spørsmål, innspel og meiningar kome til orde.
To alternativ
Planen er lagt i to alternativ. Alternativ 1 opnar ikkje for bubilcamp i området, og kombinerte bygg blir trekte bort frå strandkanten. Alternativ 2 opnar for bubilcamp og kombinerte bygg i strandsona.
Alle saksdokumenta finn ein på arealplanar HER
Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Bykle kommune, planavdelinga, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle innan 08.08.24
Sakshandsamar Anne Sæther Lislevand svarar gjerne på spørsmål!