Om eigenberedskap på kulturkaféen i Bykle onsdag 25. mars

Er du førebudd på usikre tider? Korleis står det til med eigenberedskapen? Dette er tema på kulturkaféen i Bykle samfunnshus onsdag 25. mars klokka 18.

Jarle Løwe Sørensen kjem til kulturkafé i Bykle onsdag 25. mars. Privat

Dit kjem Jarle Løwe Sørensen, førsteamanuensis ved USN (Universitetet i Sørøst-Norge). Han skal altså ta for seg eigenberedskap og korleis ein kan rigge seg i usikre tider. Eit tema som diverre er meir aktuelt enn på lenge. Det blir servert enkel kveldsmat - og arrangementet er ope for alle.

Vil du vite meir om eigenberedskap? Du finn meir informasjon i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap - her