Om Bykle gamle kyrkje i Bykle samfunnshus
Dokumentarfilmen “Liv og ånd, øvst i Setesdal - Bykle gamle kyrkje i 400 år”, står i fokus under kulturkaféen i Bykle samfunnshus klokka 18 i kveld onsdag 25. september.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 25.09.2024 14:04
Sist endra 25.09.2024 14:06
Filmen viser korleis kyrkja har prega og har blitt prega av menneska og samfunnet ho har stått i gjennom generasjonar. Det er Sanden media i Kristiansand som har laga filmen. Regissør er Brita Sørli Jærnes og produsent er Livar Hølland.
– Dei vil vere til stades under filmen. I kaféen blir det sal av gulasjsuppe frå Bykle hotell, og det blir kaffi og saft, seier Mari Allenda Bolstad i kultur og fritid i Bykle kommune.