Nye Hovden Badeland-prosjektet er i rute

Nyleg var det kranselag for nye Hovden Badeland. Då kunne dagleg leiar Torvald Gautland slå fast at prosjektet er i rute til opning 27. september.

– Då blir det korpsmusikk og full fest! lovar han.

Her kjem akvedukt over skiløypa i nye Hovden Badeland.. - Klikk for stort bileteHer kjem akvedukt over skiløypa i nye Hovden Badeland. Ole Birger Lien

Anlegget skal innehalde symjehall, tre nye stupetårn på ein, tre og fem meter, badstoge og ny velværeavdeling. Det mest spenstige er likevel akvadukten som går ut og over skiløypa.

– Samarbeidet med hovudentreprenør BRG er veldig godt, og det same kan ein seie om underleverandørar. Det er mange ballar i lufta samstundes, men framdrifta har vore god heile vegen, seier Gautland.

16 månader

Totalt blir det ein 16 månader byggjeperiode for nye Hovden Badeland. Kostnadsramma totalt er kring 150 mill. kr. Bykle kommune bidreg med kring 70 mill. kr. Bakgrunnen for satsinga er at spa-avdelinga i Hovden Badeland brann i mars 2022, og at ein då måtte i gang med oppattbyggjing. Målet er at nye Hovden Badeland skal ha minst 60.000 gjester i året.