Ny strategisk næringsplan i Bykle kommune er no lagt ut

Ny strategisk næringsplan for Bykle kommune 2025-2035 er no lagt ut på den kommunale heimesida.

Planen seier noko om korleis Bykle kommune ynskjer å møte næringsrelaterte utfordringar og mogelegheiter i åra som kjem. Den nye kommuneplanen har som eitt av fire satsingsområde å utvikle eit breiare næringsliv. Gjennom samanstilling av eit kunnskapsgrunnlag om næringsliv, moglegheiter og utfordringar, kjem det fram at det vil vere viktig å gjere næringslivet lokalt meir robust framover. 

Omstilling og auka lønsemd

Bykle kommune sitt fokus innanfor næringsutvikling vil difor vere; omstilling, auka lønsemd og vekst i eksisterande næringsliv, samt vekst gjennom tilrettelegging for nye bransjar/etableringar og nye næringar som tek utgangspunkt i dei fortrinna som finst her. Tilgjengeleg kraft er sentralt. I tillegg kjem klima, natur, kultur og geografisk plassering.

Her er planen

I innspurten før planen vart lagt ut, har Bykle kommune publisert fleire intervju med ulike aktørar i lokalt næringsliv.

Her kan du sjå alle intervjua!