Ny periode med omkøyring forbi Bykle-tunnelane frå måndag 26. mai
Statens vegvesen melder no om at det blir ein ny periode med omkøyring forbi Bykle-tunnelane på riksveg 9. Det er etterarbeid frå oppgraderinga i fjor haust og vinter som no skal gjennomførast.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 20.05.2025 09:42
Sist endra 18.06.2025 17:05

Omkøyringa, som blir kvar dag frå klokka 07-20, tar altså til måndag 26. mai. Det blir omkøyring med leiebil som sist.
– No er også busette i området varsla via sms. Me kjem til å prioritere å gjere oss ferdige med den søndre tunnelen først, seier Torgeir Hodne i Statens vegvesen.
Asfalt og elektro
Det er etterarbeid både med asfaltering på kanten av vegbanen og diverse elektroarbeid som no skal i gang.
– Heile perioden kjem til å bli kring tre veker, seier Torgeir Hodne.