Ny hytte- og bustadmesse på Hovden 23.- 24. januar

Fredag 23. og laurdag 24. januar blir Hovden Hytte & Heim, ei ny hytte- og bustadmesse, skipa til i Hovden grendehus. Bykle-ordførar Hans Blattmann klypper snora for nyvinninga.

Det blir ny hytte- og bustadmesse på Hovden 23.- og 24. januar. Sigrid Bjørgum

Messa skal bli ein møtestad for hytteeigarar, fastbuande og tilreisande med interesse for hus og hytte, bygg og interiør. Både lokale og regionale utstillarar er klare med både fagleg innhald, inspirasjon og aktivitetar for heile familien. Eitt kjent innslag for mange blir Hakkespetten frå Eventyrlig Oppussing, som er til stades begge dagane og som har oppgåva som moderator under messa.

Klovn klar

For dei yngste blir det ekstra stas med klovnen Missy med både aktivitetar og underhaldning. Under messa blir også ein modell av Setesdal stavkyrkje stilt ut.

– Dette er ei messe for folk som enten planlegg å bygge, pusse opp eller bare ynskjer inspirasjon til hytta eller heimen sin. Me vil skape ein lågterskelarena der publikum kan møte fagfolk, stille spørsmål og få konkrete råd, seier Lina Dufva, prosjektleiar innleigd av Hovden Næringsforening.

Hovden Hytte & Heim er et nytt initiativ med mål om å bli en årlig møteplass og et fast innslag i vinterprogrammet på Hovden.

HER ER MEIR INFORMASJON