Ny giv for rekruttering til Bykle kommune
Det er ny satsing på gang for å gjere ledige stillingar i Bykle kommune endå meir attraktive enn før, og ikkje minst nå ut til fleire for å fortelje om mogelegheitane øvst i Setesdal. Det betyr mellom anna at utlysingar av ledige stillingar skal “spritast opp”.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 22.04.2025 12:51
Sist endra 22.04.2025 12:51
Frå venstre Per Øyvind Asbjørnsen, Martine Vik og Even Fredriksen.
Ole Birger Lien
Bykle kommune er ein stor arbeidsgjevar, og mellom rekrutteringsframstøyta kommunen har halde på med i fleire år er deltaking på ulike utdannings- og yrkesmesser. Så lyser sjølvsagt kommunen ut ledige stillingar - og desse utlysingane skal no freshast kraftig opp. Martine Vik og Even Fredriksen i Bykle kommune er i full gang med å lage filmsnuttar, intervju og liknande med tilsette - som skal brukast i marknadsføringa av kommunen som arbeidsgjevar. Her får dei tilsette høve til å fortelje både om sin eigen arbeidsplass men også om livet i Bykle kommune.
Dei fleste einingar aktuelle
Skular, barnehagar - dei fleste einingane er aktuelle for satsinga, og denne veka var arbeidet i gang i Fjellgardane barnehage på Hovden.
– Me har tru på at å gjere stillingane meir synlege, fortelje litt om arbeidsmiljø og ikkje minst mogelegheiter i Bykle kommune, vil styrke rekrutteringa. Så set me pris på dei tilsette som stiller opp og hjelper oss, seier Vik og Fredriksen.