
Formålet med prisen er at utmerkinga skal fremje og anerkjenne framifrå innsats innan miljøvern, naturforvaltning, berekraft og innovasjon. Prisen skal stimulere til auka naturomsyn og nyskapande løysingar som bidreg til eit meir berekraftig lokalsamfunn. Berekraftprisen består av eit diplom, 10.000 kr. og ein kunstnarleg utforma plakett. Prisen kan tildelast einskildpersonar, verksemder, organisasjonar eller institusjonar i Bykle, som har:
1. Gjennomført viktige miljøtiltak i Bykle kommune
2. Utvikla innovative løysingar som fremjar berekraft
3. Bidrege til auka miljømedvit i lokalsamfunnet
4. Synt særleg engasjement for naturvern og biologisk mangfald
5. Implementert miljøvenlege driftsmetodar
Frist 15. mars
Det er næringsavdelinga i Bykle kommune som går gjennom det som kjem inn av forslag på kandidatar, så er det kommunestyret som til slutt vel mellom tre kandidatar under eit ordinært kommunestyremøte. Alle fastbuande i kommunen kan nominere ein kandidat. Frist for nominasjon kvart år er 15. mars. Forslag skal vere grunngjevne og forslagsstillar skal vere namngjeven. Prisvinnaren får høve til å ha ei utstilling, og blir oppmoda om å presentere arbeid/prosjekt der, og invitere skuleklassar.
Send inn ditt forslag til post@bykle.kommune.no eller skriftleg til Bykle kommune, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle.
Har du spørsmål om berekraftprisen? Då kan du kontakte Vidar Mortensen i Bykle kommune på epost vidar.mortensen@bykle.kommune.no