Kommunedirektør i Bykle kommune, Karina Sloth, gler seg over at kommunen no har over 3000 fylgjarar på nyheitsappen Civis.
Ole Birger Lien
Med den oppslutninga, og med utgangspunkt i eit folketal på vel 1000, ligg Bykle kommune i den desiderte toppen nasjonalt på talet brukarar.
– Veldig gledeleg! Det viser vel bare at Bykle kommune med den offensive satsinga på kommunikasjon blir lagt merke til, seier kommunedirektør Karina Sloth.
– Tilbakemeldingane me får viser at dette vil folk ha. I ei stor undersøking i fjor kom det fram at meir enn 80% av dei spurte meiner at det eksterne informasjonsarbeidet i Bykle kommune har blitt betre dei siste åra, seier digitaliseringsansvarleg i Bykle kommune, Vidar Johnsen.
Sender varsling
Civis fungerer svært enkelt på det viset at kvar gong Bykle kommune legg ut ei nyheitssak på heimesida, blir appen nytta til å sende varsel om saka til mobiltelefonen til den enkelte brukar. Då kan ein sjå kva saka handlar om, klikke seg inn og lese viss ein vil, eller heilt enkelt la vere om saka ikkje er av interesse.
– Bykle kommune skal vere ein informativ organisasjon. Me ynskjer å vere frampå og på tilbodssida i kommunikasjonsarbeidet vårt. Me har dei siste åra brukt meir ressursar på kommunikasjon, fordi me veit at folk ynskjer informasjon og oppdateringar. Også med tanke på offentlegheitslov og det å vere ein transparent kommune har Civis vore eit nyttig verktøy, meiner Sloth.
For den som ikkje har Civis i dag, men vil prøve appen ut - er DETTE lenka vidare til nedlastingssidene.