No fylgjer meir enn 4000 menneske Bykle kommune via appen Friskus!

Meir enn 4000 menneske fylgjer nyheitsmeldingar frå Bykle kommune via appen Friskus. Appen er gratis å laste ned og bruke, og inneheld også ein aktivitetskalender med det meste av oppdatert informasjon om ulike arrangement i offentleg og kommunal regi i kommunen.

Kommunedirektør i Bykle, Karina Sloth, gler seg over at meir enn 4000 menneske fylgjer kommunen via nyheitsappen Friskus. Ole Birger Lien

Med Friskus får ein alle nyheiter som blir lagt ut på heimesida til Valle kommune som eit PLING inn på mobiltelefonen. Sjølve saka på heimesida er då bare eitt tastetrykk unna. Aktuelle politiske saker ligg også i appen. Når ein lastar Friskus ned må ein bare hugse på å også krysse av for at det er nytt frå Bykle kommune ein vil fylgje! Ein kan fylgje inntil 10 kommunar i appen.

– Me er svært nøgde med utviklinga. Bykle kommune ynskjer å vere offensive i høve relevant og aktuell informasjon. Friskus er ein effektiv måte å formidle på, seier kommunedirektør Karina Sloth.

Friskus for Android - last ned

Friskus for Apple - last ned