Eivind Ilje Tveit i Bykle kommune håpar mange lag og organisasjonar no tar i bruk den nye aktivitetskalenderen som er del av nyheitsappen Friskus.
Ole Birger Lien
Dei som alt har lasta ned Friskus og kryssa av for å fylgje Bykle kommune, vil no ha tilgang til kalenderen. Også alle nye brukarar av Friskus får same tilgang.
– Både med tanke på samordning men også reint praktisk er dette ei god satsing som me har tru på. Her kan til dømes Bykle IL legge inn eit skirenn på eiga hand, og så lenge dei som legg inn arrangement held seg til kriteria, så er det grei skuring, seier Eivind Ilje Tveit i Bykle kommune.
Hovudkriteriet for den som skal legge noko inn i aktivitetskalenderen, er at det skal aldri leggjast inn kommersielle arrangement - det er det kommunale, og det friviljuge bygdelivet, som skal ha sin plass her.
– Me håpar at alle respekterer det skiljet, seier Ilje Tveit.
Organisasjonar som vil registrere seg som arrangørar i aktivitetskalenderen, og dei som vil sjå den frå nettlesar, kan slå opp bykle.friskus.com.
Last ned Friskus!
Med den nye aktivitetskalenderen på plass er det altså endå fleire gode grunnar enn før til å laste ned Friskus og krysse av for å fylgje Bykle kommune! Appen er gratis å laste ned og bruke.
Her kan du laste ned Friskus for Android
Her kan du laste ned Friskus for Apple

