Frå NM på ski på Hovden sist vinter. No blir det meir langrennsfest øvst i Setesdal!
Martine Vik
Leiar i Bykle IL, Olav Mandt, med fersk kåring som Årets ildsjel i Agder, og som kan bli kåra til Årets ildsjel nasjonalt for 2025, er frå seg av begeistring.
– Ikkje minst fordi betre attest for sist NM me skipa til kunne me ikkje ha fått. Det meisterskapen gjekk veldig bra på alle vis, og no blir det meir! slår han fast.
– Dette gjer oss veldig stolte. No skal me gjere absolutt alt me kan for å gjenta suksessen frå sist NM saman med alle våre friviljuge, seier leiar i Hovden Sportsklubb, Atle B. Egeland.
Blid ordførar
Bykle-ordførar Hans Blattmann gler seg over meldinga om NM på ski på Hovden tre år på rad.
– Dette er formidabelt, og eit kjempelyft for heile regionen. Bygdefolk, tilreisande, næringsliv, idrett og rekruttering, her får me alt. Så ventar det ein stor jobb, men sist NM på Hovden viste til fulle at her har me to arrangørlag som leverer, seier han.
For den som måtte ha spørsmål knytta til dei tre komande storarrangementa på Hovden, er Roar Hjelmeset rett mann å vende seg til. Han kan kontaktast på tlf 95144188.