Naudvarsel over heile landet onsdag
Onsdag 14. januar klokka 12 blir naudvarsel på mobil og Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg over heile landet testa i ei felles nasjonal varslingsprøve.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 12.01.2026 10:09
Sist endra 12.01.2026 10:09

Det er politiet som sender ut testen av naudvarsel på mobil. Samstundes testar Sivilforsvaret tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon".
Lydsignal og tyfonar
Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samstundes som tyfonane uler. Det kan vere lurt å varsle sine næraste om varslingsprøva, slik at så mange som råd veit at det bare er ein test.