Naudetatane i gang med øving i Bykle

Politi, brann- og helsevesen er i full gang med øving på såkalla Plivo i Bykle onsdag.

Øving gisselsituasjon. - Klikk for stort bileteØving på gisselsituasjon i kommunestyresalen. Ole Birger Lien

Plivo står for pågåande livstrugande vald, og det er politiet som står bak øvinga. Gjennom ulike scenarie får mannskapane trent seg på alt frå desperate folk med våpen til hysteriske vitne til fælslege hendingar. 

Livaktig

Med blåljos og mykje lyd blir øvingane svært så livaktige - og det går føre seg mellom “vanlege” folk som er på arbeid. Så må ein vere glad for at øvingar som dette blir prioritert, det kan bli avgjerande den dagen det eventuelt hender noko på ekte.

Dramatikk utanfor Bykle rådhus, men bare øving. - Klikk for stort bileteDramatisk utanfor Bykle rådhus, men heldigvis bare øving. Ole Birger Lien Brannmannskapar i sving i Bykle. - Klikk for stort bileteBrannmannskapar i sving i Bykle. Ole Birger Lien