Nasjonal kampanje om vitug bruk av fyrverkeri
Den nasjonale kampanjen #jegvilse 2024 peikar på dei mest grunnleggjande råda for fornuftig bruk av fyrverkeri. Avstand og briller er nøkkelord.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 31.12.2024 13:32
Sist endra 02.01.2025 11:59
Kvar desember månad kjem åtvaringane frå meir eller mindre sentralt hald om at så og så mange vil miste eller i alle fall øydeleggje synet sitt nyttårsaftan i samband med bruk av fyrverkeri. Kvart år går det akkurat slik, trass i alle åtvaringane. Kampanjen #Jegvilse 2024, eit samarbeid mellom Brannvernforeningen og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, strekar nok ein gong under at med fornuftig bruk reduserer ein risikoen mykje.
Briller
Kampanjen peikar først og fremst på kor viktig det er å bruke beskyttelsesbriller for dei som skal handtere fyrverkeriet. Ein veit at ulike batteri kan smelle av før dei skal - det kan vere fabrikasjonsfeil som fører til at detonasjonen kjem alt for tidleg. Briller beskytter augene viss ein ikkje skulle klare å kome seg langt nok bort før det smell. Avstand er også eit stort poeng. Den som skal tenne på lunta må som alle forstår vere nær der og då - alle andre må halde seg unna!
Ikkje gå nær blindgjengarar!
Så er det også eit poeng at ikkje alle batteri fyrer av sjølv om lunta brenn heilt inn. Ulike feil kan føre til at det ikkje skjer noko - og det å gå bort til fyrverkeriet for å “sjå kva som er gale”, stadig vekk er ei av årsakene til at folk blir kvesta. Difor: hald deg langt unna blindgjengarar. Viss ein i tillegg ser til at fyrverkeriet er plassert stødig, og ikkje kombinerer fyrverkeri og alkohol, ja då er ein eit langt steg nærare ei smellande feiring som ikkje resulterer i ulykker.