Møte om rekruttering i Hovden Fjellstoge måndag 12. mai

Bykle kommune skipar til møte om rekruttering måndag 12. mai. Staden er Hovden Fjellstoge klokka 12.

Nils Johan Markus Lund i næringsavdelinga i Bykle kommune håpar mange blir med på møte om rekruttering måndag 12. mai. Ole Birger Lien

For dei som melder seg på vankar det lønsj før møtet - klokka 11.30.

HER kan du melde deg på!

På møtet stiller Frode Verpe for å fortelje om arbeidssøkarars vilje til å søke arbeid i Bykle og kva som er viktig for dei i prosessen. Personalhuset stiller med Knut Handeland og Marit Danielsen. Sistnemnde er spesialist på målretta digital marknadsføring.

Nettmøte

I eit nettmøte måndag kl 08.00-08.30 presenterer UN global compact komande kurs i berekraft. Ann-Torill Briksdal frå Hovden Alpin Resort fortel kvifor dei fokuserer på berekraft. Knut Kjetil Møen frå Evje og Hornnes Sparebank fortel kvifor berekraft er viktig i samspelet mellom verksemda di og banken.

HER er lenke til nettmøtet!