Momskompensasjon til friviljuge organisasjonar

Lotteri- og stiftelsestilsynet har i overkant av 2,4 mrd kroner som skal delast ut i momskompensasjon til friviljuge lag og organisasjonar i 2024. No er det opna for søknader.

Så har det laget eller organisasjonen som har tenkt å søke, god tid, søknadsfristen er 2. september. Det kan sjølvsagt likevel vere greitt å vere ute i god tid, ikkje minst med tanke på at det også tar litt tid å få søknaden på plass.

Friviljug aktivitet

Ordninga skal fremje friviljug aktivitet ved å kompensere for kostnader ein har hatt til moms ved kjøp av varer og tenester. Friviljuge organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret og har friviljug innsats som basis for drifta kan søkje. Lag som søkjer må vere i dette registeret før 2. september i år. Viss organisasjonen er tilknytta eit såkalla sentralledd, til dømes Raudekrossen eller Norske Kvinners Sanitetsforening, så skal søknaden sendast via hovudorganisasjonen.

To modellar

Ein kan søkje etter to modellar, forenkla eller dokumentert modell. Minstegrensa å søke for etter forenkla modell er 100.000 kr. i søknadsgrunnlag. Etter dokumentert modell er det 7000 kr. i momskostnader. Grensene gjeld ikkje for underledd. 

HER på nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet kan ein lese meir om ordninga.