Mat frå 19 nasjonar på mangfaldsfesten i Hovden grendehus!

Mangfaldsfesten i Hovden grendehus nyleg vart ein bygdefest av dimensjonar der innflutte og bygdefolk storkoste seg saman. Det vart servert mat frå i alt 19 ulike nasjonar til svoltne festdeltakarar!

Mat frå i alt 19 nasjonar låg på fata i grendehuset. - Klikk for stort bileteMat frå i alt 19 nasjonar låg på fata i grendehuset. Bykle folkeakademi

Det er 7. gong mangfaldsfesten slik me kjenner arrangementet i dag vart skipa til. Folkeakademiet, med støtte frå kultur og fritid i Bykle kommune og frivillige aktørar, tromma saman til ei heidundrande markering av mangfald og fellesskap.

– Ein må bare takke av heile hjarta for den velviljen og den positive haldninga alle har til dette arrangementet. Nok ein gong ser me det flotte mangfaldet i si finaste form, seier Randi Steinsholt i Bykle folkeakademi.

Over 200 med

Meir enn 200 menneske samla seg i grendehuset. Alt saman tok til i kinosalen med musikalske innslag, der ein fekk rytmiske smakebitar både på ukrainsk, amerikansk og norsk. Så var det vidare til matfata, og dei bugna! Folk la i seg, slo av ein prat med kjente og ukjente, og viste i praksis akkurat det arrangementet står for - mangfald. Stort betre enn dette kan det ikkje gjerast!

Det kom over 200 menneske til mangfaldsfesten. - Klikk for stort bileteDet kom over 200 menneske til mangfaldsfesten. Bykle folkeakademi