Mange med på møte om stadutvikling på Hovden
Det var ingenting å seie på oppmøtet då Bykle kommune skipa til folkemøte om stadutvikling i Hovden sentrum. Både unge, vaksne og næringsliv fekk kome til orde.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 30.01.2025 10:41
Sist endra 30.01.2025 10:41
Frå møtet om sentrumsutvikling på Hovden.
Bykle kommune
Varaordførar Merethe Hjemdahl tok innleiinga og sette i gang det som vart ei innhaldsrik idemyldring. Først ut var bolken der ungdomane skulle få kome med sitt. Det kom forslag på alt frå trampoliner til fontener og kan hende ein skatepark i sentrum - ei scene kunne også ha gjort seg. Møteplassar i det heile var eit viktig poeng for lokal ungdom. Også tanken på at ungdomsverksemder kan drive meir med sal i området vart drøfta - og om det kan vere trongt om plassen i feriar og helger vart det peika på at betre skilting til parkeringsplassar må til. Så er det eit poeng at Hovdetun stenger klokka 19. Det kunne kanskje vere greitt med eit rom der ungdomen kan vere også seinare på kvelden?
Aktivitetspark
I bolken for folk flest kom det eit ynskje om ein slag aktivitetspark. Kanskje ikkje ein Tufte-park, men eit anlegg som inspirerer til bruk likevel. Fleire peika på at eit amfi både kan vere ein “rygg” mot trafikken, ein grei stad å sette seg, og ikkje minst flott ved konsertar og andre arrangement. Skilting og ljossetting i sentrum er viktig, var dei fleste samde i. Fleire peika på at eit grep kunne vere å ha gratis parkering i parkeringskjellaren på dagtid. Offentlege toalett er det behov for - også til dei må det god skilting til. Grøne lunger, ljos og god sikring mellom trafikk og sentrum vart peika på av mange.
Til planutvalet
– No arbeider me vidare med mange av innspela som kom, og er glade for at mange engasjerer seg i prosjektet. Det skal gjennomførast eit omfattande lyft i heile området, då er det viktig at me involverer alle. No arbeider me med oppdatering av skisser og kostnadsestimat som vil bli lagt fram for planutvalget 10. februar, slik at dei kan prioritere kva dei vil at kommunen skal gå i gong med no i 2025, seier plansjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå.