Lobba riksveg 9 som Nasjonal turistveg i Oslo
Sist veke trefte Setesdal regionråd statssekretær Jacob Vorren i Samferdselsdepartementet, saman med politisk leiing i Agder fylkeskommune. I møtet var det ei felles forståing for behovet for vidare dialog og samarbeid for å arbeide meir konkret med å få riksveg 9 klassifisert som nasjonal turistveg.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 22.04.2026 15:16
Sist endra 22.04.2026 15:16
Setesdal regionråd og Agder fylkeskommune lobba riksveg 9 som Nasjonal turistveg i Oslo sist veke. Frå venstre: Gro-Anita Mykjåland, dagleg leiar Setesdal regionråd, Gro Bråten, opposisjonsleiar i Agder fylkesting, Arne Thomassen, fylkesordførar, Runar Granheim, ordførar i Bygland, Jacob Vorren, statsssekretær og Inger Lise Lund Stulien, styreleiar i regionrådet og ordførar i Åseral.
Setesdal regionråd
Setesdal regionråd var klåre på ynskjet om god dialog og ein konstruktiv prosess i tett samarbeid med Statens vegvesen. Målet er å kome vidare i arbeidet med meir konkrete planar og avklaringar, slik at riksveg 9 kan sikre status som nasjonal turistveg.
– Vi opplevde møtet som konstruktivt. Regionrådet formidla eit klart bodskap om at vi ynskjer å vidareutvikle prosjektet, seier styreleiar i Setesdal regionråd, Åserals-ordførar Inger Lise Lund Stulien.
Tett samarbeid viktig
Fylkesordførar Arne Thomassen understreka i møtet kor viktig tett samarbeid er framover, og peika på riksveg 9 som eit viktig utviklingsprosjekt for heile regionen. Han streka under at fylkeskommunen vil bidra aktivt i det vidare arbeidet saman med Setesdal og Statens vegvesen. Riksveg 9 er ei viktig strekning for Setesdal, både som transportåre og for utvikling av lokalsamfunn og reiseliv.