Ljosregulering gjer turen Bykle-Hovden lenger enn før
For dei som skal køyre mellom Bykle og Hovden no for tida, kan det vere lurt å ta høgde for ein noko lenger biltur enn vanleg. Det er i alt tre område med ljosregulering på strekninga. Snart er det også kolonnekøyring forbi tunnelane i Bykle.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 27.08.2024 09:09
Sist endra 27.08.2024 09:09
Det er tre område med ljosregulering på riksveg 9 mellom Bykle og Hovden no om dagen, og turen tar lengre tid enn vanleg.
Helga Jacobsen
Ljosreguleringa kjem av noko positivt, vegarbeid som gjer riksveg 9 betre. Så tar det likevel ekstra tid å kome seg mellom bygdene, og den som skal på eit møte eller anna til avtalt tidspunkt bør altså ha dette i mente.
Bykle-tunnelane
Måndag 2. september klokka 12 tar også arbeidet i dei to tunnelane i Bykle til. I alle fall i to månader blir det kolonnekøyring via den gamle riksvegen. I tunnelane skal det mellom anna nytt ljos, det skal opp tekniske bygg ved begge tunnelane og dessutan vegljos mellom dei.