Lanserer kampanje mot einsemd og utanforskap
No blir kampanjen Nabovenn lansert med ei heil rekke aktørar som skal få i gang ein nasjonal dugnad mot einsemd og utanforskap. Med i gruppa er mellom andre Fylkeseldreombodet i Agder, Pensjonistforbundet, TV-kjendis Else Kåss Furuseth og Epilepsiforbundet.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.02.2026 08:39
Sist endra 10.02.2026 08:39
Gjengen bak kampanjen "Nabovenn" Else Kåss Furuseth Hanne M. Nøding, Fylkeseldreombud i Agder Jan Davidsen, leder i Pensjonistforbundet Espen Lahnstein, leder i Epilepsiforbundet Amal Aden, Organisasjonen Equality Peder Kjøs, psykolog
Julie Marie Naglestad
Med Nabovenn ynskjer aktørane å få merksemd om det som diverre er eit aukande samfunnsproblem, einsemd og utanforskap. Målet med kampanjen er mellom anna å senke terskelen for å snakke om einsemd, redusere stigmaet som gjer temaet krevjande, skape ein kampanje der absolutt alle kan delta og styrke dei små handlingane som byggjer fellesskap.
Alle kan bidra
I informasjonsmateriellet blir det peika på at alle kan bidra, og ein treng ikkje legge ned store innsatsen for å gjere ein skilnad. Eit smil, ein invitasjon eller bare ein prat kan vere startskotet for noko som kan kome til å bety mykje for eit anna menneske.
Her kan du lese meir og bli med som Nabovenn!