Kven bør få Bykle kommune sin kulturpris?Lytt til tekstenStopp avspillingHugs at fristen for å sende forslag til verdig mottakar av Bykle kommune sin kulturpris er 15. mars. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 19.02.2026 09:28 Sist endra 19.02.2026 09:28 Kulturprisen skal stimulere kulturlivet i kommunen, og vere ein spesiell honnør for innsats i det utvida kulturfeltet. Forslaga må grunngjevast godt - ein må fortelje om kandidaten, kva innsatsen består i og det meste som kan vere relevant. Her er meir informasjon om kulturprisen i Bykle kommune.Forslag på kandidat skal sendast til postmottak@bykle.kommune.no