Kven bør få Bykle kommune sin kulturpris?
Fristen for å sende forslag til verdig mottakar av Bykle kommune sin kulturpris er 15. mars.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 27.01.2026 13:55
Sist endra 27.01.2026 13:55

Kulturprisen skal stimulere kulturlivet i kommunen, og vere ein spesiell honnør for innsats i det utvida kulturfeltet. Forslaga må grunngjevast godt - ein må fortelje om kandidaten, kva innsatsen består i og det meste som kan vere relevant.
HER er meir informasjon om kulturprisen.
Forslag på kandidat skal sendast til postmottak@bykle.kommune.no