Kulturpatrulja i gang i heile dalen!
Den populære kulturpatrulja er i sving att også denne sommaren, med mange framsyningar rundt om i dalen. I dei næraste dagane kjem gjengen både til Valle og Bykle.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.07.2024 09:33
Sist endra 10.07.2024 09:33
I morgon torsdag 11. juli kjem dei til Setesdalsmuseet i Hylestad klokka 15.30. Så går turen vidare til Brokke alpinsenter, der det er ein ny runde klokka 17.
Til Åseral og Bykle
Fredag 12. juli er det i Åseral gjengen skal boltre seg. På Minne kultursenter tar det heile til klokka 14. Seinare same dagen er det i Bygland, på Revsnes hotell klokka 16. Måndag 15. juli klokka 16 er kulturpatrulja i Bykle gamle kyrkje, og klokka 18 på Syrtveit. Kulturpatrulja held fram med nye framsyningar ut juli.