Kranselag for nye Hovden Badeland

Nye Hovden Badeland opnar dørene i slutten av september i år. Denne veka var det kranselag for kjempeanlegget som reiser seg. Noko av det mest spektakulære er kan hende akvedukten som kjem over ei av skiløypene ute.

Kranselag for nye Hovden Badeland. Frå venstre: Maria Moen, som har vore tilsett i badeland frå det opna, Svein Kvam, prosjektleiar frå Norconsult AS, dagleg leiar Torvald Gautland og Tor Torstensen, som blir teknisk ansvarleg når det nye anlegget opnar. - Klikk for stort bileteKranselag for nye Hovden Badeland. Frå venstre: Maria Moen, som har vore tilsett i badeland frå det opna, Svein Kvam, prosjektleiar frå Norconsult AS, dagleg leiar Torvald Gautland og Tor Torstensen, som blir teknisk ansvarleg når det nye anlegget opnar. Ole Birger Lien

Anlegget skal innehalde symjehall, tre nye stupetårn på ein, tre og fem meter, badstoge og ny velværeavdeling. 

– Det er godt å ha kome så langt. Alt er i rute med tanke på opning 27. september, seier dagleg leiar Torvald Gautland.

Til kranselaget sessa handtverkarar frå hovudentreprenør BRG og underleverandørar seg til eit godt måltid og ulik informasjon om prosjektet vidare.