Kommunestyremøte i Bykle torsdag 5. desember
Torsdag 5. desember er det klart for siste kommunestyremøte i Bykle i år. Det blir både orienteringar og ordinære saker.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.12.2024 09:40
Sist endra 05.12.2024 09:40
Det er kommunestyremøte i Bykle torsdag 5. desember klokka 17. Her frå møtet i april.
Ole Birger Lien
Før dei folkevalde tar fatt på sakslista er det to orienteringar. Ola Olsbu frå Agder fylkeskommune skal greie ut om hybelbygg for Hovden skigymnas, og Roger Sørli skal fortelje om prosjekt tilknytta Hovden Alpin Resort.
Frå museum til ungdomsrådet
Av saker på sakslista kan ein nemne alt frå endring i selskapsavtalen for Aust-Agder museum og arkiv IKS til reglement for ungdomsrådet, rusmiddelpolitisk handlingsplan 2024-2027 og møteplan for 2025.
HER kan ein inn og laste ned sakslista.
Møtet blir som alltid strøyma. HER er lenka til overføringa.